Eg synst i utgangspunktet det er veldig sexy med menn som tar initiativ og styringa. Men, som nokon andre har snakka om i ein annan tråd tidlegare, å ta styringa betyr ikkje nødvendigvis å vere hardhendt og brutal. Styring, men samstundes rett mengde av fysisk makt, er best. Og eg vil og gjerne kunne ta styringa sjølv etter kvart, sånn at vi gjerne kan bytte på kven som har kontrollen. Eg vil gjerne bli tatt akkurat passe hardt (ja, eg veit at det kanskje ikkje er veldig informativt...:p), men at det likevel er likeverdig. Og så er det veldig viktig at eg kan kunne komme med instruksjonar, sånn at viss noko blir veldig feil i høve til korleis eg vil ha det, kan eg seie frå undervegs. Lite er så sexy som nokon som eg oppfattar som bare egoistisk, eller full av tro på at han er så glimrande i senga at han ikkje har noko å lære.
Det beste er ein som tar initiativ, og er sikker på kva han vil, utan å bli arrogant og egoistisk, eller er for hardhendt. Og at det er rom for at eg kan få ta styringa når eg har lyst, eller kan sleppe, om eg ikkje har det. Forsøk på oppsummering: ta styring, og ver oppmerksom på kva ho vil. Det inkluderer å ikkje vere for brutal (men gjerne dersom ho ber deg om det), og prøv å ta hint om korleis ho vil ha det.