No er eg ei som har vore mange år i eit forhold før eg vart singel for eit år sidan, og har sånn sett litt avgrensa erfaring med dating og sånn. Men for min del er sex ein veldig naturlig del av det som er sjekking på byen, og om eg likar nokon eg møter, tar eg han gjerne med meg heim. Så blir erfaringane med i vurderinga av kor godt eg likar han, på linje med seinare treff. Sidan eg har vore lenge i forhold er sex ein veldig naturlig del av det, og eg har eit veldig avslappa forhold til eigen seksualitet. Men har ikkje så mykje erfaring med dating av dei eg treff på andre måtar enn på byen, enno.
Når det gjeld sjansen for å bli gravid, så er det heilt uaktuelt for meg å få barn akkurat no. Det inneber at eg er nøye med å bruke prevensjon, men om det skulle bli nødvendig å kjøpe angrepille eller ta abort seinare, tror eg det vil vere heilt ok og. Sjølvsagt er det ikkje sikkert alle synst det er like enkelt, og det er sikkert lett å seie (og kanskje ikkje like lett å gjennomføre), men det funkar for meg. Eg synst uansett at det er veldig fint å vite at eg har mange moglegheiter før det endar opp i ein uønska unge, det gjer at eg ikkje treng tenke for mykje på sånt, og kan ha det gøy i stedet. Så kan alle sider av ein potensiell partner vere med i vurderinga, inkludert korleis han oppfører seg i senga. (Her kan eg understreke at det ikkje bare handlar kor bra sexen er i fylla, men innstilling og potensiale også.)
Om nokon ikkje har lyst å innlate seg på eit forhold med meg fordi vi hadde sex første kvelden, då er han ikkje ein eg vil vere saman med uansett...