At du har funne ut kva du vil er jo ein viktig erkjennelse som ihvertfall kan hjelpe deg å finne ein plan. Eg har lyst å vere singel sånn ca annakvar dag og ha kjæreste annakvar dag. Eg har alltid tusen prosjekt i ilden og har ikkje lyst å bli forstyrra av ein kjæreste. Dei dagane eg ikkje får til nokon ting, er dei dagane det hadde vore fint å ha nokon andre. Problemet er at eg på dei dagane ikkje er nokon bra kjæreste sjølv. Det beste hadde jo vore ei som kunne ta del i prosjektene mine, men ei med sine eigne prosjekt kunne funka bra deg også. Har eigentleg ganske klart for meg kva eg skal gjere når eg synes det er på tide.
Quote from: kastanje on April 15, 2012, 12:04:46 PM
Jeg vet hvordan jeg vil en gutt skal gå frem, men synes det er mye vanskeligere å avgjøre min egen rolle. Jeg liker å se på meg som superbra (hihi), men merker også at med en gang jeg blir litt betatt blir jeg ekstremt usikker på meg selv, og ikke minst gutten.
Forstår eg deg slik at du vil ha ein som veit korleis han skal sjekke damer, og dermed har options på damefronten? Isåfall er jo det kjernen i heile "likestillingsproblematikken" på kjønnsmarkedet. Eg trur igrunn det er tre ting som avgjer i kor stor grad du er kjærestemateriale utover fysisk attraktivitet: Kor flink du er sosialt, sjølvbilete og om det er tak i deg. Det er forsåvidt dei same eigenskapane som gjeld for kvinner også, bortsett frå at nokre menn vil prioritere fysisk attraktivitet svært høgt i forhold til desse eigenskapane. Utover det trur eg menn har nokså ulik smak, men eg trur likevel dei fleste blir sjarmert av ei kvinne med desse eigenskapane dersom kjemien er på plass.
Skal bli interessant å sjå kva GV kjem til å skrive på den nye jentebloggen. Har du vurdert GV-Sjarmskolen? For min del sit det ganske langt inne å betale for å få hjelp med sånt, då eg som nerd har lyst til å klare slike ting på eiga hand. I vår har eg likevel krype til korset og betalt for å få hjelp med kosthold, sjølv om eg har nerda meg og lest alt som er skrive både på div internettforum og PubMed. (Må ned i vekt etter at eg la på meg 12 kg på eit halvt år med inaktivitet). Det har funka over all forventning, og sjølv om eg ikkje har blitt presentert for revolusjonerande konsept har det vore greit å forhalde seg til ein plan som eg veit funkar.