-

Started by Ananas, March 27, 2012, 07:17:23 AM

Previous topic - Next topic

Ananas

-
-

deepArne

«Friends don't let friends use excel for statistics». Eg har akkurat avinnstallert MS Office, men funksjonen =RAND() eller =TILFELDIG() funkar ihvertfall i OpenOffice. Dersom du vil ha heiltal kan du bruke =RANDBETWEEN(n;p) eller =TILFELDIGMELLOM(n;p). Ctrl + Shift + F9 for å få nye tal. Og dersom du ikkje får det til kan eg hjelpe deg å lage din eigen pseudoslumptalsgenerator f"(x)>0 <=> :-)

deepArne

Betyr det at du fekk det til? (Eg er litt Sheldon Cooper på å forstå språklege virkemiddel;-)

deepArne

Eg går og svømmer no, og er tilbake på jobb framfor dataen ca klokka 13. Ganske sikker på at det skal funke, men du kan jo søke i hjelp-fila til Excel. Kva slags tilfeldige tal er det du skal ha ut? Heiltal eller desimaltal?

deepArne

Då var eg tilbake på jobb...

Skriv inn koden =RANDBETWEEN(1;6) (dette blir talet på auger på terningen). Var det 3 eller 20 terningar per spill? Uansett drar du cella med =RANDBETWEEN(1;6) 3 eller 20 (alt etter som) felt. Deretter drar du feltet ned 500 rader. Då har du eit felt på 500 x 3 (20) celler med terningsutfall. Bruk koden =SUM(A1:C1) for å summere talet på auger for dei tre terningane. Dra nedover til du når 500.

For meir info og GUI sjekk http://spreadsheets.about.com/od/spreadsheetlessons/ss/080218_diceroll.htm


deepArne

Dersom det var meininga du skulle bruke =RANDBETWEEN(1;6) var det nok dårleg forklart i oppgåva. Synd eg ikkje kunne vere meir til hjelp, men då kan du ihvertfall kaste terning i Excel :p Generelt står det meste i hjelp-fila, sjølv om eg også ofte er for lat til å gjere eit skikkeleg søk...