Eg er 31 år og omgås folk frå 20 til 67. Kan ofte ha veldig god kjemi med folk på din alder, men merkar at dei ikkje alltid er like reflekterte pluss at dei lett lar seg stresse av bagatellar. Det eg ikkje likar, er når unge folk skal belære meg om livsfilosofiske tema og ting dei ikkje har så veldig mykje greie på. Det gjeld forsåvidt folk i alle aldrar også, men det kan vere ekstra ille når dei tydeleg ikkje har så mykje livserfaring. Mitt tips til deg er å vere litt ydmyk og å vere interessert i deira meiningar og syn på ting. Ein annan ting eg vil råde deg til er å vere forsiktig med å bruke deira tone når du pratar med dei. F.eks. dersom dei gjer narr av kvarandre, kan det vere ganske irriterande dersom du også henger deg med på denne tonen ettersom du ikkje er innvidd i gjengen.
Generelt kan det vere veldig nyttig å omgås folk i alle aldrar, då du lærer korleis ulike folk er og kva som er akseptert i ulike miljø. Eg synes det er stor forskjell på 19-åringar som berre har vore med klassekameratane heile livet, og 20-åringar som har hatt eitt år med studier/jobb/militæret.