Då eg studerte hadde vi felles datarom for heile fakultetet. På datasystemet til universitetet var det mogeleg å søke opp brukarnamnet til dei som var logga på dersom du visste IP-adressa til den aktuelle datamaskina. Datamaskinene hadde fast IP, og det var også mogeleg å finne namnet på den som eigde brukarnamnet. Du måtte vere ganske nørd for å klare dette, og ein kompis og eg lagde eit script som søkte opp kven som sat ved dei ulike maskinene (ved å logge oss på alle datamaskinene og notere ned IP-adressa). Ut frå dette kunne vi eigentleg finne namnet på alle som brukte dei ulike dataromma ved fakultetet. Vi hadde i tillegg tenkt å legge ut tenesta på ein webserver som kompisen min drifta, men det vart aldri noko av. Det var også mogeleg å sende systemmeldingar til dei ulike maskinene utan at dei kunne vite kvar meldinga kom frå. Dette gjorde at det var store mogelegheiter for å vere stalker, utan at eg brukte det til anna enn å sende flørtemeldingar til jenter eg kjente frå før. Likevel vart ei veninne av meg så skremt av dette at ho byrja å bruke brukarkontoen til ein kompis...