Eg har runda 30, og eg føler at det ikkje er før no eg har kunna gro heilskjegg. Mange av kompisane som er på min eigen alder har enno ikkje utvikla noko bra skjeggvekst, så eg trur nok at ikkje alle kan få skjegg. I militæret var det ein som ikkje hadde skjegg i det heile tatt, men når eg no tilfeldigvis såg bilete av han i avisa hadde han fått heilskjegg. Måtte sjølvsagt anlegge heilskjegg no i skisesongen, og er litt usikker på om eg skal barbere meg til våren, eller om dette er min nye stil:D