Eg har ikkje så kraftig bartevekst, men då eg sparte til skjegg i vinter innsåg eg at eg har eit bra potensiale for snurrebart. Hadde uansett tenkt å ta skjegget til våren, men no byrjar det å bli så kult at eg vegrar meg litt for barbering. Vekstfarten på skjegget er så dårleg at det tar månader å få eit like fyldig skjegg som det eg har no. Problemet er at mat byrjar å feste seg i barten, og eg må difor enten snurre han eller fjerne snurregrunnlaget. Å kombinere heilskjegg og snurrebart ser eg ikkje på som eit alternativ. Kva gir mest (evt minst) streetcred, jobbcred og damecred; heilskjegg eller snurrebart?