Quote from: Stemning on October 10, 2012, 11:47:23 AM
How much time does a time traveler need when a time traveler travels through time?
Er det eg som er fast besvarer av dei dumme spørsmåla til Stemning? Det er isåfall fordi dei er så fantastisk gode! Det er mange som er inne på svaret, men vi må nok innom den spesielle relativitetsteorien for å få eit fullgodt svar.
Utgangspunktet er Michelson-Morley forsøket frå 1887. Dette eksperimentet skulle måle lysfarten, og det gjorde dei ved å måle hastigheitsforandringa når dei var på veg mot sola og på veg frå sola (soloppgang og -nedgang). Forsøket avdekka at lyset bevega seg akkurat like fort i begge inertialsystem, og difor konstaterte dei at lysfarten er konstant. Det betyr at dersom du slår på lyset på ein bil som er i fart, går lyset framleis med farten c og ikkje c+v der v er farten til bilen. Ut frå dette kan ein utleie (det er ikkje så vanskeleg) at tida går saktare i inertialsystem som er i fart og er skalert med lorentzfaktoren γ=1/√(1-v^2/c^2). Det betyr at dersom du set deg inn i eit romskip som reiser med 90 prosent av lysfarten, går tida ca dobbelt så fort på jorda som inne i romskipet. På denne måten kan ein reise framover i tid.
Den generelle relativitetsteorien beviser at det ikkje er mogeleg å reise fortare enn lyset. Og sjølv om dette skulle vere mogeleg, har eg vanskar for å sjå korleis det kan ta deg bakover i tid. Men dersom du likevel skulle få dette til, kan du i det minste observere kva som har skjedd i fortida. Det same vil vel gjelde dersom du kan reise i ein fjerde dimensjon gjennom eit ormehol.
Fun fact: Den spesielle relativitetsteorien blir brukt i GPS-teknologi. Krav til nøyaktigheit og den store farten til satelittane, gjer at klokkene må justerast etter relativitetsteorien. Så uansett om det ikkje er ei absolutt sanning at lysfarten er konstant, kan det i det minste brukast i teknologi!