Her bør eg kunne bidra med litt erfaring ihvertfall, ettersom eg har studert på mat.nat og kjenner godt til dei ulike miljøa. Når det er sagt, meiner eg det er stor forskjell på om du er sterkt knytta til eit institutt eller om du er i byrjinga av studiene på lågare grad. Eg er nok litt sær, men på mat.nat kjem ein ganske langt med å ha god stil og å vere litt utadvendt. Viss du i tillegg har litt sosiale antenner og er litt flørtetet får du fort draget på damene. Hadde nokre forhold under studiene, men dei endte stort sett dårleg, mest på grunn av ubalanse i forholdet i den eine eller andre retningen.
Dersom vi les i forumet er det mange gutar som skriv at dei liker jenter som tar initiativ (inkl meg sjølv). Eg trur ikkje nødvendigvis det er sant. Etter å ha lest blogginnlegga for jenter på 0330, er eg eigentleg veldig einig med GV: «Å "pushe" en mann inn i et forhold er noe av det dummeste du kan gjøre, og er DØMT til å dytte han ENDA LENGER fra deg». Dersom du er interessert i ein gut, må du få han til å jakte på deg. Det betyr derimot ikkje at du skal vere isdronning. Som GV skriv skal du derimot vise at du er tilgjengelig. Dei gongene eg har blitt skikkeleg forelska, har det vore i jenter som er frekk og flørtande, samstundes med at eg ikkje heilt veit kor eg har dei. Problemet mitt har i desse situasjonane vore at eg ikkje har vore nok bestemt og sjølvsikker, og dermed også mista "makta".
Det var kanskje litt generelle råd dette her... Må jo spørje tilbake kva strategi du har? Dersom du viser tilgjengeligheit og han ikkje eskalerer meir enn uskyldig flørt, kva har du då tenkt å gjere? Kjem du til å miste interessa, eller kjem du til å vere meir direkte om kva du vil? Frå slik eg kjenner deg på forumet her (for alt eg veit kan du vere ein halvfeit 40-åring;-), trur eg du har mange eigenskapar som gjer at menn liker deg utover fysisk tiltrekning.