Fotografisk hukommelse eksisterer eigentleg ikkje, sjølv om det finns
savantar som kan ha ekstrem hukommelse på enkelte tema. Eg har slik hukommelse for menneske; eg hugsar omtrent alle menneske eg har møtt i heile livet (folk som har presentert seg for meg). F.eks. kan eg helse på ein person, prate litt med han, for deretter ikkje sjå han igjen på kjempelenge. Likevel hugsar eg kven han er og kvar eg møtte han dersom eg ser han på gata ti år seinare. Av og til er det nok berre å høyre stemma. Eg hugsar folk som har ekspedert meg i butikk, bussjåførar, togkonduktørar og forelesingsalar på 200 menneske dersom det er ein forelesningserie på 10-20 gonger. Eg er også ganske god på namn, men det trur eg har mest med å gjere at eg lett hugsar ansiktet og deretter prøver å hugse namnet. Ansiktet hugsar eg utan prøve på det. Det er heller ikkje fordi eg møter få menneske, då eg er ganske sosial og møter mange, spesielt då eg studerte.
Og så er spørsmålet: Kan dette brukast til noko? Eg har tenkt at dette eigentleg må vere ein ressurs, men trur aldri eg eigentleg har opplevd å få nytte av denne eigenskapen. Faktisk føler eg det meir som ein forbannelse, då eg av og til har problem med å forstå kven som kjenner meg.