Eg vil skrive eit innlegg om
nettdatingprofil, sjølv om all erfaringa mi kjem frå eit par snokekontoar eg har oppretta på sukker. Har tenkt å opprette ein skikkeleg sukkerkonto som 80-kgpresang
1 til meg sjølv, og då har eg tenkt å gå fram på denne måten:
1. Ta mange bilete. Har ein kompis som er bortimot profesjonell i å ta bra bilete som ser ut som om dei er tatt heilt tilfeldig. Dei fleste kjenner nokon som er bra på å ta bilete. Slik eg har forstått det, er det ikkje så viktig at denne personen er jente.
2. Velg ut dei beste bileta ved hjelp av jentepanel, helst beståande av jenter du ikkje kjenner. Her har eg tenkt å spørje jentene som er på forumet til å vere panel. Har uansett nok veninner dersom ingen gidd. Ein kan også opprette konto på
http://www.okcupid.com, der jenter over heile verda rangerer bileta dine.
3. Skriv ein tekst som framhevar personligheiten min. Her er eg ikkje så veldig redd for at det skal bli for standard, men heller at eg framstår som litt sær (som jo i og for seg er sant...) Vi får få litt hjelp til det også.
4. Drit i leiligheten og alt anna. Mitt inntrykk er at du har få moglegheiter til å skape tiltrekning med denne funksjonen, men du kan fint øydeleggje mykje ved å svare «feil». Den einaste tiltrekninga du klarer er ekstra tiltrekning dersom alt anna er på plass og du svarer i samsvar med hennar preferansar. Det er heller ikkje mogeleg å slette leiligheita (eg klarte det ihvertfall ikkje) dersom du ombestemmer deg og ikkje vil ha leiligheit likevel.
1Er på slankinga. Eg ser rett og slett betre og meir markert ut med lite underhudsfeitt i ansiktet. Ventar difor litt med å stresse med å lage bra profil, ettersom eg hadde oppdatert han etter ei lita stund uansett. Er uansett ikkje så lenge til, er 83 kg no.