Då eg trente mot Oslo maraton i vår fekk eg bursitt (slimposebetennelse) i hofta. Slutta å trene ein mnd og då var det borte. Byrja å løpe igjen og det gjekk fint, men då eg byrja å pumpe jern i august kom det tilbake. Deretter slutta eg med løp og då gjekk det bra heilt til det vart for kaldt til å sykle og eg gjekk tilbake til løp som kondistrening. Konklusjonen er at det er for mykje med både styrke og løp (og diett). Det trur eg kjem av for dårleg løfteteknikk, for dårleg hoftemobilitet eller ein kombinasjon (har vore litt for glad i å legge vekter på stanga i haust). Korleis finn eg ut av dette? Berre å prøve seg fram eller er det nokon som har peiling på sånt? Dei fleste manuellterapeutar lever i eit anna vitskaps- og treningsparadigme enn det eg gjer. Ein legekollega på den forrige jobben meinte dei fleste manuellterapeutar ville prøve å selje behandlingsforma si, men at det var lite dokumentert effekt.