Sånn, då var vi nede på jorda: 3:28.1. Så konklusjonen er altså at eg ikkje er eit unikt rotalent:p Verdsrekorden er til samanlikning 2:39.6.
Når det gjeld optimal motstand på romaskin har eg som sagt ingen erfaring. Eg har likevel ein del generelle tankar basert på fysiologi: Når ein ror på maskin er det eit betydelig effekttap mellom setet og skinnene. Det er grunnen til at det er vanskelegare å prestere på romaskin enn sykkel og løp, og dette effekttapet er proposjonalt med kor mykje du flyttar på deg. Difor må ein høg frekvens ha vesentleg betre arbeidsøkonomi for at låg belastning skal løne seg. Eg kjøper ikkje heilt argumentasjon basert på laktat, blodgjennomstrauming, statisk stress, o.l., då dette er argument som kan bygge opp under eit kvart funn. Alle bevegelsar kostar energi, og difor vil kroppen reagere med aukt metabolisme og blodgjennomstrauming. Det betyr igjen at alle auke i blodgjennomstrauming over eit gitt nivå er *negativt*.
Slik eg ser det må ein difor ha eit unbiased forsøk med skikkelig analyse av forsøksdataene for å finne optimal motstand og kadens på romaskin. Når det er sagt, er kroppen forbausande god til å finne ut sånt på eiga hand. Sjølv brukte eg motstand 6 på forsøket mitt, men tviler på at det hadde vore noko dårlegare med motstand 10. Om det stemmer får vi aldri vite:D